Vreid : I Krig

Melodic Black / Norway
(2007 - Indie Recordings)
Zobacz więcej

Teksty

1. JARNBYRD

Jarnnetter nærmar seg
Stivna står skogen og bier
Over dei langsynte lier
Over dei stirrande tjern
Alt som kan gløda det gløder
Langs einsame stiar
Bær sin haust som ein byrde
Av glødande jarn
Bær du jarnbyrd mitt land?
Over glødende esser
Driv det skodde som virøyk
Mens haustvinden messer
Bær du jarnbyrd mitt land?
Er det kongsblod som ulmar
Brenn som som flammande purpur
Der blodåra svulmar

Jarnnetter melder seg
Mørke med isgufs av døden
Tunge er jarna
Svarte og kalde
Men gløden
Bur i all brennande ånd
Sjølv gløder ånda sin byrde
Og sjølv må den bæra
Jarnbyrden kanskje til døden
Som løyser dens bånd
Bær du jarnbyrd mitt land?
Som ei kongsmor din like
Bar dette brennande purpur
For retten til riket


2. UNDER ISEN

No er me under isen
No er me underlagt
Den grå og skitne isen
Av framand overmakt
Tungt kviler den på landet
Men høyr i fjellet vatnet
Det sender bod med bekkane
Som kviskrar nedad brekkane
Snart skiner våren leande
I breane
No er me under isen
Og den er grå og våt
Det strøymer under isen
Så mang ein stille gråt
No er me under isen
Av ufridom og tvang
No er me under isen
Og vinteren blir lang
Men høyr det susar og straumar
Av ville vårnattsdraumar
Så levande og skjelvande
Ein uro gjennom elvane
Det susar under isen av eining tru og tross
Eind dag skal alle bekkar små gå saman og bli foss
Det lever under isen der tusen hjartar slår
Det innestengte Noregs udrepelege vår


3. I KRIG

Eg er født i ein generasjon
Som såg krigar og revulosjon
Me såg verda på trebein og krykkar
Gå mot komande verdsulykke
Korleis kan det no gå fatalt
Ja, så reint inn i helvete galt
Me såg alle dei yttarst normale
Fenomen blei splintrande gale
Det var natt, det var spøkelsesnatt
Svarte messer og heksesabatt
Og eg steig ned i Helvetes pøl
Og eg høyrde dei plaga sine brøl
Arme djevlar, dei kunne nok skrike
Dei heldt sjølv, pina sine flammar ved like
Der stor fanden og lo kvar eg vendte meg hen
Men eg såg at slett ingen verdige menn
Og eg vandra i helvetes hus
Som i draum eller opiumsrus
Var eg samtidig eoppe og nede
Eg såg alt
Eg var meir enn tilstede


4. VAEPNA LENGSEL

No skal det være øve
No kan de trampa godt
På grava der du søve
Men fred det har du fått
I gravas tronge kjellar
Er skamma ikkje kjent
Dei tapre folkefeller
Når neppe himmelen heller
Med nordlands regiment
No skal dei vere øve
Ei grav blir trampa flat
Men ingen ukjent søv der
Ongen gløymt soldat
Nei, han som måtte falla
Har både bror og ven
Skjønt stum så kan han kalla
Skjønt død
Gå framfor alle som enno er igjen

Du falne der du søve
I heimjord eller hav
Din kamp er ikkje øve
Ditt offer eit krav
Dei leskar oss med trengsel
Ein dagleg eddiksvamp
Me er eit folk i fengsel
Men me er væpna lengsel
Me er eit folk i kamp
Nei, det er ikkje over
Den striden som du streid
Du falne der du søv
Den varer bittert ved
Ja, med og utan våpen
Med trassig tankes makt
For bringa di står open
Og farger flammekåpa
Som blir om landet lagt


5. SVART

No skal det være øve
No kan de trampa godt
På grava der du søve
Men fred det har du fått
I gravas tronge kjellar
Er skamma ikkje kjent
Dei tapre folkefeller
Når neppe himmelen heller
Med nordlands regiment
No skal dei vere øve
Ei grav blir trampa flat
Men ingen ukjent søv der
Ongen gløymt soldat
Nei, han som måtte falla
Har både bror og ven
Skjønt stum så kan han kalla
Skjønt død
Gå framfor alle som enno er igjen

Du falne der du søve
I heimjord eller hav
Din kamp er ikkje øve
Ditt offer eit krav
Dei leskar oss med trengsel
Ein dagleg eddiksvamp
Me er eit folk i fengsel
Men me er væpna lengsel
Me er eit folk i kamp
Nei, det er ikkje over
Den striden som du streid
Du falne der du søv
Den varer bittert ved
Ja, med og utan våpen
Med trassig tankes makt
For bringa di står open
Og farger flammekåpa
Som blir om landet lagt


6. FOLKEFIENDAR

No er me folkefiendar me som nektar
Å selja landet vårt for noken pris
Ja no er "folkefiende" siste slagord
Men dette ordet, det har dobbelt egg
Me har eit drama om "ein folkefiende"
Han stod åleine i si strid med mobben
Men har bar sigeren heim - Rygg mot vegg!

No skrik mugen: dei vil selja Noreg
For usle dollars eller skitne pund!
Den dømer myntsorten, men ikkje salet
Men vakt deg Judar, for ditt eige spark
For dette skriket om pund og dollars,
Det minner oss, ja minner oss så forbanna
Om tredve sølvpengar i tyske mark


7. DEI DAUDE STEIG AV GRAV

Så grå var ingen vår vel før
Som våren i år
Det er som om sjølve ljoset blør
Av hemmelege sår
Sola skinner, men i vinterblåst
Den kuldsker også den
Ein likkvit flekk av sjelefrost
Har merka land og menn
Det isnar over skog og myr
Grått ligg land og hav
Det er som med kvar dag som gryr
Dei daude steig av grav
Ja, det er våren frå i fjor
Som spøkar, går igjen
Bleik, blodig og dødningsflor
Ja, det er atter den
Dei møter oss så bitter kjent
Den vårens bleika drag
Dei stirar på oss ufråvendt
Kvar ny og bitter dag
Det mørknar kveld, det grånar gry
Så bleikt og utan smil
Det er som kvar dag på ny
Den niande april

Ein vår som ingen sumar fekk
Skal frelaus gå igjen
Som gjenferd bakom ord og blikk
Hjå alle norske menn
Men denne bleike gjenferdsvår
Står brennande i knopp
Med arr ved arr, med sår ved sår
Som dagleg spring opp
Hald ut, hald ut, blir alder trøytt
La bak kvart knoppet arr
Vår framtid bruse sumarheit
Frå hjartas offerkar
Til dagen kjem, timen slår
Er kvar dags doven kvil,
Kvar dag du feig og motlaus går,
Ein niande april


8. FANGEGARD

Det kom som lynnedslag, gjekk som skred
Den gangen det slo oss ned
Det overmektige mange
No går det langsamt - Atter vår
Og Noreg er ein fangegard
Kvar nordmann er ein fange
Usynleg piggtråd tett i tett
Spent ut i eit forgreina nett
Om skritt, om ord, om tankar
Ja, du kan sitta fast ein dag
Om berre dine hjarteslag
For openhjartig bankar
Kvar nordmann er i fangeskap
For den som har med ærestap
Kjøpt friteikn frå tyrannen
Er ikkje nordmann meir,
Men sjølv
Ein vaktar
Eller vaktars trell
Med trellens teikn i panna
Men dei skal hugsast - Bli ein sum
Som kviler i oss, tung og stum
Og vel kan overmakta
Få lært ein modig fot å gå,
Men alder norske hjarter til å slå
I denne fengselstakta


9. MILLOM HAV OG FJELL

Noreg millom fjell og hav
Slektas vogge, heim og grav
Dette landet, høgt og hardt
Kviskrar lågt med morsmild stemme
Det er her du høyrer heime
Er me ute i det fjerne
Står det som ei sumarstjerne
Kysten er som eit ørnereir

Må me når dagen er svunne
Ha det rette landet funne
Må landet i vårt indre
Høgt og klårt i natta tindre
Det kan ingen fiende brenne
Det kan ingen svikar skjenne
Har du fjell i deg
Så vi deg til ditt steile land


teksty dodane przez Kelendros - Edytuj teksty