Enslaved (NOR) : Mardraum - Beyond the Within

Progressive Black / Norway
(2000 - Osmose Productions / Season Of Mist / Necropolis Records)
Saber mais

Letras


1. STØRRE ENN TID, TYNGRE ENN NATT

Hanen fall om på tunet
Før han rakk gala
-Men eg kjende tida

Hesten hang i slitte taumar
Med utakk piska inn i augo
-Men eg makta å trekke plogen

Bonden la seg til marka
Grødelaus og ufri
-Men eg rydda nye hov

Vekstane visna, evige lovnadar brast
Fargane falma, hjarta fraus fast
Støyen stilna, men sigeren var tatt
Større enn tid, tyngre enn natt!

Fjella fall, og skogen brann
Tida teia, vatn vart sand
Sola slokna, men deg hadde eg att
Større enn tid, tyngre enn natt!

Lyset tok slutt, og stjernene slokna ;
Før fylgjet nådde fram til gards
-Men eg hussa vegen

Skipa sank med krigar og skald;
I botnlaus avgrunn lagt til kvile
-Men eg råka nye ukjende strender

Gudane vart alle brått gamle
Då dei gyldne veggane fall
-Men eg gav dei ny kraft


2. DAUDNINGEKVIDA

Som eit åpent sår
Kven kunne halde ut
Hvis eg fylgjer deg, blir eg som dei?
-Rak i rygg med fana
Til dei hengde

Dei vart som trea, livlause
Snakka ikkje, rørte seg ikkje
Handa kald, auga tomt
(Mimir, lyttar du?)

Det er langt, men trøttnas du ?
Tida står stilla, alt anna er dødt
Blod og kvad
Likgudens sol skin i kvar og
Ein sitt ansikt

Urd svarar med ekko, kva vil du gjera?
Kor la du hammaren, Thurisaz kallar ;
Røska tak i faginningas rot

Dei vart som trea, livlause
Følte ikke, høyrde ikkje
Handa kald, auga tomt
Ymir, lyttar du?

Dei vart som trea, livlause
Ymir, kvifor er du tyst?


3. ENTRANCE / ESCAPE

I am not in there
I am not taking any part in this
There's no comfort where you are
And I won't give you anything

I am close to them mentally
But I am inbetween realities
There is no directions for where I am
They can't find me ‘cause I am not in here


4. ORMGARD

Ein jotne skrik i lengsel
Aesar druknar i banesår
I sterke armar veks
Gangar full av råte
Fjella let seg ikkje
Lenger løfte

Berre trellen eig
Sin eigen fridom
Når kongar fylgjer
Kristenmanns lov

Kven skal bera fram sølvet
Kven skal vakta bogen
Kven skal døme rett
Når hjarta er av kol

Skinnlaus ormyngel
Kven vil vel kome til
Slik ei verd

Dei storme menn drep
Sitt avkom med sløve sverd
La dei angre, la dei lide
Men trøyst dei ikkje

Gje dei aldri handa,
La dei aldri sjå auget

Tannlaust kjøterpakk
Kven vil vel høyre på slike ord
Kvite krist drep si eiga mor

La dei fryse, la dei svelte
Men trøyst dei ikkje

Om dei få orkar turnen,
Skal me byggja muren
Om dei få orkar turen,
Skal me byggja muren
Om dei få orkar turen
Skal me byggja muren


5. AEGES DRAUM

På sytti og tusen favnars djup
Slår ein puls jamnare
Og høgare
Bølger breier seg
Som hjarteslag
Gjennom lidlaus
Mosaikk

Ein vis mann
Tre høgder var han
Kom ein gong
Ned hit og sa:
Det som har vaert,
Var aldri

Då såg dei elva
Brenne, og sola blø
Då såg dei elva brenne
Og sola blø

Ei norne,
Kom ho med
Ned fra røttene
Og livets tre
Alt vil døy og forgå
Stillna skal atter rå
Då høyrde dei
Songen kvelast
Og barna dø

På sytti og tusen favnars djup
Slår ein puls jamnare og høgare
Tomme univers i kvart eit ord
Der oppe, kor draumar døyr


6. MARDRAUM

Faal i flammar
Fanga under is
Mara rir evig


7. DET ENDELEGE RIKET

Det endelege blå
Fremand og løfterikt
I det urgamle raude
Sviv det som ein gong
Kvitt var svart

I sirklar går rika
Frå anna til eit går me

I eigne auger uendelege
Utan auger
Lydlaust ingenting
Frå stjerna flyttas
Fjella; og tåpa ser
Berre stein

I sirklar går rika
Frå anna til eit går me

Klagesongen ingen
Orka høyre
Fyller det tenkande
Rom; tvihald om
Lenker som ikke finst
-Kvifor ikkje leva
Utan dei?

I sirklar går rika
Frå anna til eit går me

Det endelege blå
Ikring ei nådelaus mor
Som skal
Kjaerteikne oss
Med endedagars
Eldskyer


8. ORMGARD II : KVALT I KYSK HØGSONG

Buskapen åt hyrden
Og svalt smilande i hjel
Beitet fann dei ikkje

Du elsa din neste,
Og åt di eiga mor
Tapar i eigen strid
Herre i eigne lenker

Du ser mot sola og frys i hjel
Hakka til blods i gyldne bur
Kvalt i kysk høgsong
Du kyssar handa som drap
Din eigen bror

Vaer du sikker,
Eg snur aldri ryggen mot deg
Vaer du sikker,
Eg skal alltid håna deg

Tenk nøye etter
Kva du har skapt
Då du ligg der og døyr
Høyr, der ute kor
Latteren vår ljomar
Tenk etter kva
Som ventar deg,
Du eledige dåre!

Me lo då Ormgard brann


9. KRIGAREN EG IKKJE KJENDE

Eg for ut i strid
Då dei framande kom
Eg sloss for min heim og min buskap
Eg kjempa dei ned
Med mitt spjut og min boge
Så dei heime kunne eta og sova

Eg drakk og eg skråla
Eg lo og eg skrøyt
Av mine sigrar, mitt mot og min styrke
Eg fortalde om gullet eg fann
Hjå dei eg slakta ned for fote

Eg vakna brått
Ein kald og mørk morgon
Med buskapen daud og trellane rømde
All mjøden var drukken og venene reist

Då la eg i veg til lovande land
For atter å vende heim med aere
Alle som sto i vegen for meg
Skulle kjenne min styrke og vreide

Ved ein flod sto ein gammal og støl mann
Han vokta ein båt som eg trong
Eg skulle hogge han ned
Men sverdet brast og
Den gamle sto der og flirte

“Fattige tåpe, som aldri har skjøna
At ein krigar skal kjempe mot krigar
Aldri du vinn visst du berre ser fram
Og ikkje inn”
Med eit var den gamle vekk
Og vinden tok med seg båten

Ved bredda sto eg og skua
Men nådde ikkje den andre sida
Då starta kampen mot krigaren
Eg alltid trudde eg kjente


10. STJERNEHEIMEN

Eg helsar stova med høgsinn
Der ho byr meg inn i flammar og sjø
I heile si prakt og galskap
…Trygg vert berre han som tør

Heim- til ei stjerneverd av sølv
Heim- ulv, mann og gard

Kenaz- bak panna brenn lyset me eig
Raidho- på tankar over sol og regn
Ansuz- i far vår sitt høgsete

Eg ler mot det heilage hjulet

-Ho vil gje oss svara og lyset;
Vidare sveipas dei med
Atter nytt mørke
....Vis vert berre han som spør

Heim-med stjerner av sølv
Heim-ulv , mann og ard
(“Eg er - er eg”)

Krigar- be aldri om fred
Husbond- length alltid heim
Her vil me samlas
...Om runa spinn


11. FRØYAS SMYKKE

(Instrumental)

Ledras adicionadas por Obskur - Modificar estas letras